Kurver

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Det er to typar kurver i GeoGebra.

Parametriske kurver

Parametriske kurver er på forma a(t) = (f(t), g(t)) der t er ein reell parameter på eit definert intervall. Du kan lage dei ved å bruke kommandoen Kurve. Dei kan verte bruke i kommandoene Tangent, Punkt og Skjering.

Merk:
  • Parametriske kurver kan verte brukt med førehandsdefinerte funksjonar og aritmetiske operasjonar. Til dømes vil c(3) gi punktet som har parameter lik 3 på kurva c.
  • Ved bruk av musa kan du også plassere eit punkt på kurve med verktøyet Tool New Point.gif Nytt punkt eller kommandoen Punkt. Sidan endepunkta a og b er dynamiske kan du også bruke glidar-variablar.

Det er ikkje mogleg å lage parametriske kurver som går gjennom gjevne punkt. Istaden kan du prøve å bruke ein av regresjonskommandoane, t.d. RegPoly, for å lage ein funksjon gjennom punkta.

Implisitte kurver

Implisitte kurver er polynom i variablane x og y. Dei kan verte skrivne inn direkte i inntastingsfeltet.

Døme: x^4 + y^3 = 2x*y
© 2021 International GeoGebra Institute