Intervall

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Eit intervall er eit sett med tal mellom ei øvre og ei nedre grense. For å opprette eit intervall, skriv du til dømes 2 < x < 3 i inntastingsfeltet. Dette er eit opent intervall. For å lage eit lukka intervall skriv du 2 ≤ x ≤ 3, medan eit delvis lukka intervall kan vere 2 ≤ x < 3.

Merk: Sjå også Boolske verdiar.

For å avgjere om eit tal c høyrer til eit intervall r skriv inn r(c) i inntastingsfeltet, resultatet vil vere ein boolsk verdi. Ei generalisering av intervall er ulikskapar.

Merk:
  • Kommandoane Min[ <Intervall> ], Maks[ <Intervall> ] - Dei returnerer henhaldsvis nedre og øvre grense til eit intervall uavhengig av om det er ope, lukka eller delvis lukka.
  • Kommandoen Midtpunkt[ <Intervall> ] - Returnerer midtpunktet til intervallet: \frac{a+b}2. Resultatet er uavhengig av om intervallet er ope, lukka eller delvis lukka.
  • Kommandoen Punkt[ <Intervall> ] - Returnerer eit flyttbart punkt, der x-koordinaten høyrer til intervallet og y-koordinaten er 0.
  • Kommandoen PunktI[ <Intervall> ] - Returnerer eit flyttbart punkt, der x-koordinaten høyrer til intervallet og y-koordinaten kan verte endra vilkårleg.
© 2021 International GeoGebra Institute