Frie objekt, avhengige objekt og hjelpeobjekt

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Det er to typar objekt i GeoGebra: frie og avhengige. Nokon av esse kan verte definert som hjelpeobjekt.

Frie objekt

Frie objekt er objekt som ikkje er avhengig av andre objekt. Frie objekt kan til dømes verte laga ved hjelp av direkte inntasting eller verktøyet Tool New Point.gifNytt punkt. Objekta kan verte flytta fritt, so lenge dei ikkje er låst.

Avhengige objekt

Avhengige objekt er relatert til andre objekt. Til dømes kan eit linjestykke med fast lengde vere avhengig av eit punkt og ein glidar. Når punktet eller glidaren vert endra vil også linjestykket verte endra sidan linjestykket er avhengig av dei to andre objekta.

Hjelpeobjekt

Hjelpeobjekt er anten definert av deg, eller av verktøyet det var laga med. Til dømes vil verktøyet Tool Regular Polygon.gif Regulær mangekant lage alle punkta i mangekanten (utanom dei to punkta som du definerer) som hjelpeobjekt. Cellene i reknearket er også rekna som hjelpeobjekt, og dei har sin eigen plass i algebrafeltet.
© 2020 International GeoGebra Institute