Kjeglesnitt

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Du kan skrive inn kjeglesnitt som kvadratiske likningar i x og y i inntastingsfeltet. Tidlegare definerte variablar (t.d. tal, punkt og vektorar) kan verte brukt i likninga for kjeglesnittet.

Merk: Namnet til kjeglesnittet kan du skrive inn etterfulgt av eit kolon før du skriv inn likninga.

Du kan også lage kjeglesnitt ved bruk av kommandoar for kjeglesnitt eller verktøy for kjeglesnitt og sirklar.

Døme

Kjeglesnitt Inndata
Ellipse ell1 ell1: 9 x^2 + 16 y^2 = 144
Ellipse ell2 ell2: b^2 x^2 + a^2 y^2 = a^2 b^2, der a og b er definerte på førehand
Hyperbel hyp hyp: 9 x^2 – 16 y^2 = 144
Parabel par par: y^2 = 4 x
Sirkel c1 c1: x^2 + y^2 = 25
Sirkel c2 c2: (x – 5)^2 + (y + 2)^2 = 25
© 2021 International GeoGebra Institute