Glidar Verktøy

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.

Trykk på ein ledig plass i grafikkfeltet for å lage ein glidar for eit tal eller ein vinkel. I dialogboksen som vert opna kan du spesifisere Namn, Intervall [Min, Maks], Animasjonssteg i tillegg til Justering, Breidde og Animasjonsfart.

Merk: For å skrive inn gradesymbolet ° eller pi (π) kan du bruke desse tastatursnarvegane:
  • Alt-O (Mac OS: Ctrl-O) for °
  • Alt-P (Mac OS: Ctrl-P) for π

Posisjonen til glidaren kan vere absolutt i grafikkfeltet (det vil seie at den ikkje vert påverka av zooming, men alltid vil vere in den synlege delen av grafikkfeltet) eller den kan ha posisjon relativt til eit koordinatsystem (sjå Eigenskapar for den tilhøyrande vinkelen eller talet).

Merk:

Låste glidarar

Som andre objekt kan glidarar vere låst. For å flytte ein låst glidar når verktøyet Tool Move.gif Flytt er valt bruker du høgre musknapp og drar glidaren. Glidarar lage med dette verktøyet er låst som standard. Du kan endre verdi ved å trykkje på den. Ei forhåndsvisning av verdien vert vist ved siden av musepekaren.

Merk: Sjå også kommandoen Glidar.
© 2024 International GeoGebra Institute