Rekneark

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


I GeoGebra sitt rekneark har kvar celle eit eige namn som let deg direkte adressere kvar celle. Til dømes vil cella i kolonne A og rad 1 heite A1.

Merk: Desse cellenamna kan verte brukt i uttrykk og kommandoar for å adressere innhaldet i samsvarande celle.

I cellene i reknearket kan du ikkje berre leggje inn tal, men også alle typar generelle og geometriske objekter som vert støtta av GeoGebra (til dømes koordinatar til punkt, funksjonar og kommandoar). Dersom det er mogleg vil GeoGebra umiddelbart vise ein grafisk representasjon av objektet du skrev i cella i grafikkfeltet. Namnet til objektet i grafikkfeltet samsvarer med namnet på cella i reknearket som vart brukt for å lage det.

Døme: Skriv (1,1) i cella B4. Punktet (1,1) vert vist i grafikkfeltet med namnet B4.
Merk: Som standard er objekt i reknearket klassifisert som hjelpeobjekt i algebrafeltet.

Relative cellenamn

Dersom du kopierer innhald frå ei celle til ei anna vil som standard alle referansar tilsvarende målet sin posisjon verte endra.

Døme: La A1=1, A2=2. Sett B1 til (A1, A1). Ved å kopiere B1 til B2 (anten via Ctrl + C, Ctrl + V eller ved å dra i cella sitt hjørne), får du (A2, A2) i B2.
Merk: På Mac er kopier og lim snarvegane Cmd + C og Cmd + V.

For å unngå dette, kan du setje $ før kolonna og/eller raden med den refererte cella. $A1 låser kun kolonnen, A$1 låser kun raden og $A$1 låser både rad og kolonne.

Døme: I dømet over, sett B1 til ($A$1,A1) for å låse den eine referansecella ved kopiering. Når B1 vert kopiert til B2 vil B2 innehalde (A1,A2).

Få data inn i reknearket

Foruten å manuelt leggje til oppføringar i reknearket kan du bruke FyllKolonne, FyllRad eller FyllCeller. Sjå også sida sporing til rekneark.

Bruk reknearkdata i andre visningar

Du kan handsame reknearkdata ved å velje fleire celler, høgreklikke og velje eit element frå "Lag"-undermenyen.

  • GeoGebra
  • Help
  • Partners
  • Contact us
    • Feedback & Questions
    • This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
    • +43 677 6137 2693
© 2017 International GeoGebra Institute