Navigasjonslinje

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


GeoGebra har ei Navigasjonslinje som let deg navigere gjennom konstruksjonsstega i GeoGebrafila di.

Navigasjonslinja vert opna ved å høgreklikke (Mac OS: Ctrl-klikk) på ein tom plass i grafikkfeltet og velje Verktøylinje for navigasjon frå kontekstmenyen. Navigasjonslinja vert vist i botn av grafikkfeltet.

På navigasjonslinja finn du eit sett av knappar for navigering samt visning av kva for steg du er på (t.d. 2 / 7 tyder at steg 2 av totalt 7 konstruksjonssteg vert vist):

  • Navigation Skip Back.png knapp: gå tilbake til steg 1
  • Navigation Rewind.png knapp: gå eit steg tilbake
  • Navigation Fast Forward.png knapp: gå eit steg fram
  • Navigation Skip Forward.png knapp: gå til siste steg
  • Animate Play.png Spel av: spel av konstruksjonen automatisk, steg for steg
Merk: Du kan endre farta på avspelinga ved å bruke tekstboksen til venstre for Animate Play.png "Spel av"-knappen.
  • Animate Pause.png Pause: pausar den automatiske avspelinga
Merk: Denne knappen vert berre vist etter at du har trykt på "Spel av"-knappen.
Merk: Denne knappen er berre synleg dersom valet Knapp som opnar konstruksjonsforklaringa er aktivert.
  • GeoGebra
  • Help
  • Partners
  • Contact us
    • Feedback & Questions
    • This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
    • +43 677 6137 2693
© 2017 International GeoGebra Institute