Grafikkfelt

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Ved å bruke verktøya som er tilgjengelege på verktøylinja kan du ved bruk av musa lage geometriske konstruksjonar i grafikkfeltet. Vel eit konstruksjonsverktøy frå verktøylinja og bruk hjelp for verktøylinja (?-ikonet i høgre del av verktøylinja) for å finne ut korleis det valde verktøyet vert brukt. Alle objekt du konstruerar i grafikkfeltet vil også ha ein algebraisk representasjon i algebrafeltet.

Merk: Etter å ha aktivert verktøyet Tool Move.gif Flytt kan du flytte objekt i grafikkfeltet ved å dra dei med musa. Den algebraiske representasjonen i algebrafeltet vil verte endra kontinuerleg.

Alle ikon på verktøylinja representerer ei verktøykasse som inneheld konstruksjonar av liknande type. For å opne ei verktøykasse trykkjer du på den lille pila i det nedre høgre hjørne av verktøylinjeikonet.

Note Hint: Konstruksjonsverktøy er organisert ut ifrå type eller funksjonalitet til objekta som dei gjev. Du finn verktøy som lagar forskjellige typar punkt i punkt verktøykassa (standard ikon: Tool New Point.gif) og verktøy som let deg utføre geometriske transformasjonar i transformasjons verktøykassa (standard ikon: Tool Reflect Object in Line.gif).


Grafikkfeltet kan innehalde forskjellige typar av rutenett og aksar. Du finn meir om dette på sida Innstillingar for grafikkfeltet.

Stilmeny

NO stilmeny grafikkfelt.png

Du finn ein knapp for å vise stilmenyen i det øvre venstre hjørne av grafikkfeltet. Avhengig av kva for verktøy du vel vil stilmenyen gi deg forskjellige val som vil påvirke utsjånaden av konstruksjonen. Som standard kan du velje vis eller skul aksane, vis eller skjul rutenett eller setje val for punkstyring. I tillegg vil nokre verktøy gi val for å velje farge, punktstil, tekststil, linjestil, gjennomsiktigheit, tekstfarge, tekststorleik, feit tekst og kursiv tekst.

Grafikkfelt nummer to

Det er mogleg å opne eit andre grafikkfelt frå Vis-menyen. Dersom to grafikkfelt er opne, vil kun eit av dei vere aktivt. Det aktive grafikkfeltet vil ha feit tittel. Alle synlege objekt laga med kommandoar kjem i det aktive grafikkfeltet. For kvart objekt kan du spesifisere kva for grafikkfelt det skal vere synleg i. Dette gjer du i fana Avansert i dialogboksen for eigenskapar.

Kopier og lim inn

Ved å bruke tastatursnarvegane Ctrl + C og Ctrl + V (Mac OS: Cmd + C og Cmd + V) kan du kopiere og lime inn valde objekt (unntatt dersom dei avheng av aksane) anten i same vindague eller i eit anna. Kopier og lim inn vil kopiere alle objekt som det kopierte objektet er avhengig av, men dei umarkerte objekta vil verte usynlege.

Døme: Lag ei linje l i grafikkfeltet. Bruk verktøyet Tool Perpendicular Line.gif Normal linje til å finne normalen n til ei linje gjennom eit punkt på linja. Dersom du no kopierer normalen og limar den inn i eit anna vindauge vil også linja l verte kopiert, men kopien av l vil vere usynleg.

Dersom du kopierar objekt som er avhengige av ein glidar til eit nytt vindauge, vil ein usynleg kopi av glidaren også verte kopiert til dette vindauget. Det innlimte objektet vert festa når du trykkjer i grafikkfeltet. Dersom det kopierte objektet er avhengig av minst eit punkt, kan det verte festa i eksisterande punkt når det vert limt inn (men berre punktet som følgjer musepekaren vil gjere dette).

  • GeoGebra
  • Help
  • Partners
  • Contact us
    • Feedback & Questions
    • This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
    • +43 677 6137 2693
© 2017 International GeoGebra Institute