Konstruksjonsforklaring

Frå GeoGebra Manual
(Omdirigert frå Konstruksjonsprotokoll)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Du kan opne den interaktive konstruksjonsforklaringa ved å gå til Konstruksjonsforklaring i Vis-menyen. Konstruksjonsforklaringa er ein tabell som visar alle konstruksjonsstega. Den let deg gjere om ein konstruksjon steg for steg ved å bruke navigasjonslinja nederst i grafikkfeltet.

Merk: Navigasjonslinja opnar du ved å høgreklikke på ein ledig plass i grafikkfeltet og ved å velje Verktøylinje for navigasjon.

Navigasjon og endring i konstruksjonsforklaringa

Du kan bruke tastaturet for å navigere i konstruksjonsforklaringa:

  • Bruk for å gå til forrige konstruksjonssteg.
  • Bruk for å gå til neste konstruksjonssteg.
  • Bruk Home for å gå til starten på konstruksjonsforklaringa.
  • Bruk End for å gå til slutten på konstruksjonsforklaringa.
  • Bruk Delete for å slette eit konstruksjonssteg.
Merk: Dersom du slettar eit konstruksjonssteg kan det påverke steg som er avhengige av det sletta steget.

Du kan også bruke musa for å navigere i konstruksjonsforklaringa:

  • Dobbeltklikk på ei rad for å velje eit konstruksjonssteg.
  • Dobbeltklikk på ei overskrift for å gå til starten av konstruksjonsforklaringa.
  • Dra og slipp ei rad for å flytte eit konstruksjonssteg til ein annan posisjon.
Merk: Dette er ikkje alltid mogleg sidan objekt kan vere avhengige av andre objekt.
  • Høgreklikk på ei rad for å opne kontekstmenyen for objektet på dette konstruksjonssteget.
Merk: Du kan setje inn eit konstruksjonssteg på kva som helst posisjon. Dobbeltklikk på det steget som du vil setje inn eit nytt steg under. Lag det nye objektet. Dette objektet vert då plassert på den ønska posisjonen i konstruksjonsforklaringa.

Frå menyvalet Kolonner i konstruksjonsforklaringa kan du setje inn ei kolonne for å definere etappepunkt. Det let deg gruppere fleire objekt. Vel Vis berre etappepunkt frå menyvalet Innstillingar for å skjule dei andre punkta i forklaringa. Når du navigerer gjennom forklaringa vil då grupperte objekt verte vist samtidig.

Merk: Frå menyvalet Kolonner kan du også velje kva for andre kolonner som skal verte vist i konstruksjonsforklaringa.

Eksportere konstruksjonsforklaringa som ei webside

GeoGebra let deg eksportere konstruksjonsforklaringa som ei webside. Vel Eksporter som webside frå menyen i konstruksjonsforklaringa. I vinduet som vert opna kan du skrive inn tittel, forfattar, dato for konstruksjonen og velje om du vil inkludere eit bilde av grafikkfeltet og algebrafeltet. I tillegg kan du velje om du vil eksportere med fargar. Då vil objekta i konstruksjonsforklaringa få same farge som dei samsvarande objekta i konstruksjonen.

Merk: Den eksporterte HTML-fila kan verte vist med alle internettlesarar (til dømes Firefox, Opera, Chrome og Internet Explorer), og den kan verte endra med mange tekstbehandlarar (til dømes OpenOffice Writer og Microsoft Office Word).
  • GeoGebra
  • Help
  • Partners
  • Contact us
    • Feedback & Questions
    • This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
    • +43 677 6137 2693
© 2017 International GeoGebra Institute