Verktøylinje

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Som standard ligg verktøylinja rett under menylinja. Kvar visning som er opna i eit eige vindauge har si eigen verktøylinje. Verktøylinjene er delt inn verktøykasser, som kvar kan innehalde eit eller fleire verktøy. Du kan flytte verktøylinja i hovedvinduet til botn av vindauget ved å gå til Menu Properties Gear.png Utforming i Vis-menyen.

Hjelp

Hjelp for verktøylinja er plassert i høgre del (?-ikon) og innehelf informasjon om korleis det valde verktøyet kan verte brukt. Dersom du ikkje ser knappen (spørsmålsteiknet), er GeoGebra-vindauget for lite og du må endre storleiken på det (trekk høgre side ut eller bruk maksimer-knappen). Når du klikkar på hjelp vert det opna ein dialogboks som kort forklarar korleis verktøyet vert brukt. For meir utfyllande informasjon kan du trykke på Vis hjelp online for å verte videresendt til denne hjelpewikien.

Verktøylinjer for ulike oppsett

GeoGebra har forskjellige verktøylinjer for grafikkfelt, rekneark og CAS-delen. Når du startar å bruke eit anna oppsett innanfor GeoGebra-vinduet vil verktøylinja verte endra. Dersom du opnar reknearket eller CAS-delen i eit eige vindauge vil vindauget bruke verktøylinja som høyrer til det aktuelle oppsettet.

Tilpass verktøylinje

Du kan tilpasse alle verktøylinjene ved å velje Tilpass verktøylinje... frå Vektøy-menyen. Øvst i dialogvindauget kan du velje kva for verktøylinje du vil ender frå ei nedtrekksliste. Dersom du vil fjerne eit verktøy eller ei verktøykasse frå verktøylinjen, veljer du den i lista til venstre og trykkjer på knappen Slett. For å leggje til eit verktøy, veljer du den i lista til høgre og veljer Sett inn. Posisjonen til verktøyet er avhengig av kva som er vald til venstre. Dersom ei verktøykasse er vald vil verktøyet kome i ei eige verktøykasse under verktøykassa som var vald. Dersom eit verktøy i ei verktøykasse er vald, kjem verktøyet i den eksisterande verktøykassa under verktøyet som var vald. For å flytte verktøyet frå ei verktøykasse til ei anna må du fjerne det og leggje det til på nytt i den ønska verktøykassa.
Merk: Du kan gjenopprette verktøylinja til standard ved å trykke på knappen Tilbakestill til standard verktøylinje nede i venstre hjørne av dialogvindauget.
Merk: For å få med verktøylinja i Dynamiske arbeidsark kan du bruke customToolbar parameteren.
  • GeoGebra
  • Help
  • Partners
  • Contact us
    • Feedback & Questions
    • This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
    • +43 677 6137 2693
© 2017 International GeoGebra Institute