Algebrafelt

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


I inntastingsfeltet kan du skrive inn algebraiske uttrykk i GeoGebra. Når du trykkjer Enter vert det algebraiske uttrykket vist i algebrafeltet medan den grafiske representasjon vert vist i grafikkfeltet.

Døme: f(x)=x^2 gjev deg funksjonen f i algebrafeltet og funksjonsgrafen til f i grafikkfeltet.

I algebrafeltet er matematiske objekt organisert som frie eller avhengige objekt. Dersom du opprettar eit nytt objekt utan å bruke andre eksisterande objekt, vert det klassifisert som eit fritt objekt. Dersom det nyoppretta objektet vart oppretta ved hjelp av andre eksisterande objekt, vert det klassifisert som eit avhengig objekt.

Merk: Dersom du vil skjule den algebraiske representasjonen av eit objekt i algebrafeltet, kan du spesifisere objektet som eit hjelpeobjekt:
Høgreklikk (Mac OS: Ctrl-klikk) på objektet i algebrafeltet og vel Eigenskapar frå kontektstmenyen.
I fana Basis i dialogboksen for eigenskapar kan du spesifisere objektet som eit hjelpeobjekt
Som standard vert ikkje hjelpeobjekt vist i algebrafeltet, men du kan endre denne innstillinga ved å velje "Hjelpeobjekt frå kontekstmenyen (høgreklikk i algebrafeltet) eller ved å klikke på det aktuelle ikonet i stilmenyen til algebrafeltet.

  Ver oppmerksom på at du kan endre objekt i algebrafeltet:

  • Aktiverer Tool Move.gif Flytt verktøyet
  • Dobbeltklikk på eit objekt i algebrafeltet.
    • Dersom objektet er uavhengig (fritt), kan du redigere det direkte i algebrafeltet.
    • Dersom objektet er avhengig, kjem eit dialogvindu opp som objektet kan verte omdefiner i.
  • Når du trykkjer Enter, vil den grafiske representasjonen av objektet tilpasse seg endringane.

GeoGebra tilbyr også eit bredt spekter av kommandoar som kan verte skrive inn i inntastingsfeltet. Du kan opne ei liste over kommandoar i høgre hjørne av inntastingsfeltet ved å klikke på knappen Hjelp for inntasting. Når du har vald (dobbeltklikk) ein kommando frå list (eller skrive den inn manuelt i inntastingsfeltet) kan du trykkje på F1 for å få informasjon om syntaksen og argumenta som kommandoen krev.

Stilmeny

Stilmenyen til algebrafeltet har to knappar.

Auxiliary.png Hjelpeobjekt
Denne knappen viser eller skjuler hjelpeobjekt.
Tree.png Sorter objekt etter...
Når aktivert er objekt sortert etter type (t.d punkt, linjer, ...) , elles er dei sortert etter frie objekt, avhengige objekt eller hjelpeobjekt (sortert etter Lag eller oppført i konstruksjonsrekkjefølgje).
  • GeoGebra
  • Help
  • Partners
  • Contact us
    • Feedback & Questions
    • This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
    • +43 677 6137 2693
© 2017 International GeoGebra Institute