Verktøymeny

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Menu Create Tool.png Lag nytt verktøy...

Basert på ein eksisterande konstruksjon kan du lage dine eigne verktøy i GeoGebra. Etter at du har førebudd ein konstruksjon til verktøyet ditt, vel du Lag nytt verktøy i Verktøymenyen. I dialogboksen som kjem opp kan du angi start- og sluttobjekt til verktøyet, samt velje namn for Verktøylinje-ikonet og kommando.

Merk:
  • Verktøyet kan verte brukt både med musa og som kommando i inntastingsfeltet.
  • Alle verktøy vert automatisk lagra i di konstruksjons GGB-fil .
  • Sjå også sida Eigne verktøy.

Menu Properties.png Endre verktøy verktøy...

Endre verktøy let deg endre namn, kommando, ikon og forklaring til eigne verktøy. Du kan også slette, lagre, dele eller åpne verktøyet i eit eige vindu. Dersom du lagrar verktøyet, vert det lagra til ei GGT-fil(GeoGebra Tool). For å laste eit sjølvlaga verktøy inn i ein annan konstruksjon går du til Opne i Fil-menyen og finn fila for verktøyet.

Merk: Ved å opne ei GGT-fil vert ikkje den aktive konstruksjonen endra. Dersom du derimot opnar ei GGB-fil vil konstruksjonen verte endra.

Tilpass verktøylinja...

Opnar Tilpass verktøylinje-dialogboksen.

  • GeoGebra
  • Help
  • Partners
  • Contact us
    • Feedback & Questions
    • This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
    • +43 677 6137 2693
© 2017 International GeoGebra Institute