Funksjonar

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Når du skriv inn ein funksjon kan du bruke tidlegare definerte variablar (t.d. tal, punkt, vektorar) i tillegg til andre funksjonar.

Døme:
  • Funksjon f: f(x) = 3 x^3 – x^2
  • Funksjon g: g(x) = tan(f(x))
  • Namnløs funksjon: sin(3 x) + tan(x)
Merk: Alle tilgjengelege førehandsdefinerte funksjonar (t.d. sin, cos, tan) er forklart på sida Førehandsdefinerte funksjonar og operatorar.

I GeoGebra kan du bruke kommandoar til å finne til dømes integralet og den deriverte av ein funksjon. Du kan også bruke kommandoen Dersom til å lage funksjonar med vilkår.

Merk: Du kan også bruke kommandoane f'(x) eller f''(x), … for å få dei deriverte av ein tidlegare definert funksjon f(x).
Døme: Definer funksjonen f som f(x) = 3 x^3 – x^2. Du kan bruke denne til å lage ein funksjon g ved å skrive g(x) = cos(f' (x + 2)).

Funksjonar kan verte flytta med ein vektor (sjå kommandoen Flytt). Ein fri funksjon kan også verte flytta ved bruk av verktøyet Tool Move.gif Flytt. Andre transformasjonskommandoar kan også verte brukt på funksjonar, men i dei fleste høve vert resultatet ei kurve og ikkje ein funksjon.

Avgrense ein funksjon til eit intervall

For å avgrense ein funksjon til intervallet [a, b], kan du bruke kommandoen Funksjon eller kommandoen Dersom.

Døme: Dersom[x≥3 ∧ x≤5,x^2] og Funksjon[x^2,3,5] er begge definisjonar for funksjonen x2 avgrensa til intervallet [3,5]
© 2024 International GeoGebra Institute