Lag verktøy

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Først må du lage den konstruksjonen som verktøyet skal kunne lage seinare. Gå så til Verktøy-menyen og trykk på Menu Create Tool.png Lag nytt verktøy for å opne dialogboksen. Her må du fylle inn kva som skal vere ut-objekt, inn-objekt, og namnet og ikonet som verktøyet skal ha.

Døme: Lag eit kvadratverktøy som lager kvadrat ved at du vel to eksisterande punkt i grafikkfeltet.
  • Lag eit kvadrat ved å starte med to punkt A og B. Lag dei andre hjørnepunkta og bind dei saman med verktøyet Tool Polygon.gif Mangekant for å få kvadratet Mangekant1.
  • Vel Menu Create Tool.png Lag nytt verktøy frå Verktøy-menyen.
  • Spesifiser kva som er ut-objekt: Trykk på kvadratet eller vel det frå nedtrekksmenyen. Spesifiser også sidene til kvadratet som ut-objekt.
  • Spesifiser inn-objekt: GeoGebra vil automatisk foreslå inn-objekt (her: punkt A og B) Du kan også endre inn-objekt ved å trykke på dei eller velje dei frå nedtrekksmenyen.
  • Spesifiser namn på verktøy og samsvarande kommando for det nye verktøyet.
Merk: Verktøynamnet vil verte vist i verktøylinja i GeoGebra, medan kommandonamnet kan verte brukt i inntastingsfeltet.
  • Du kan også skrive inn tekst som skal verte vist som hjelp for verktøyet.
  • Du kan også velje eit bilde frå datamaskina som ikon for verktøyet. GeoGebra vil automastisk endre størrelsen på bildet slik at det passar på verktøylinja.
Merk: Ut-objekt frå verktøy er ikkje flyttbare, sjølvom dei er definert som Punkt[<Sti>]. Dersom du treng eit flyttbart objekt kan du definere ei liste med kommandoar og bruke den med kommandoen Utfør.
  • GeoGebra
  • Help
  • Partners
  • Contact us
    • Feedback & Questions
    • This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
    • +43 677 6137 2693
© 2017 International GeoGebra Institute