Eigenskapar

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Dialogboksen Eigenskapar let deg endre eigenskapene til objekt (til dømes storleik, farge, fyllingsgrad, linjestil, linjebreidde, synlegheit) samt automatisere nokre objekthandlingar ved hjelp av Javascript eller GeoGebra Script.

Du kan opne dialogboksen Eigenskapar på fleire måtar:

  • Høgreklikk (Mac OS: Ctrl-klikk) på eit objekt og vel Menu Properties Gear.png Eigenskapar… frå nedtrekksmenyen.
  • På høgre side av verktøyslinja trykk på knappen Menu Properties Gear.png (Favorittar) og vel Objekt frå menyen som kjem opp.

I dialogboksen Eigenskapar er objekt organisert etter type (til dømes punkt, linjer, sirklar) i lista på venstre side, noko som gjer det enklare å handtere store mengder objekt. Du kan velje eit eller fleire objekt frå denne lista for å endre eigenskapane deira.

Merk: Ved å klikke på ei overskrift i lista over objekt (til dømes Punkt, Linje) veljes alle objekt av denne typen, og du kan raskt endre eigenskapane for alle desse objekta.

Du kan endre eigenskapar av valde objekt ved hjelp av fanene oppe på høgre side (til dømes Basis, Farge, Stil, Algebra, Avansert, Scripting).

Merk: Avhengig av val av objekt i lista, kan andre sett med faner være tilgjengeleg.

Lukk dialogboksen når du er ferdig med å endre eigenskapane til objektet eller objekta.

  • GeoGebra
  • Help
  • Partners
  • Contact us
    • Feedback & Questions
    • This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
    • +43 677 6137 2693
© 2017 International GeoGebra Institute