Nullpunkt Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Nullpunkt[ <Polynom> ]
Gjev alle nullpunkta til funksjonen numerisk som skjeringspunkt mellom grafen til funksjonen og x-aksen.
Døme: Nullpunkt[x^2 - 2] gjev A = (-1.41, 0) og B = (1.41, 0).
Nullpunkt[ <Funksjon>, <Tal a> ]
Gjev eit av nullpunkta til funksjonen. Kommandoen finn nullpunktet numerisk ved bruk av Newton sin metode med startverdi a.
Nullpunkt[ <Funksjon>, <Tal a>, <Tal b> ]
Gjev eit av nullpunkta til funksjonen i intervallet [a, b]. Kommandoen finn nullpunktet ved bruk av den numeriske algoritma regula falsi.
Merk:

CAS-delen

Nullpunkt[ <Polynom> ]
Gjev den eksakte x-verdien til alle nullpunkta til funksjonen.
Døme: Nullpunkt[x^2 - 2] gjev \{x = \sqrt{2}, x = -\sqrt{2}\}.
© 2020 International GeoGebra Institute