IterasjonListe Kommando
Frå GeoGebra Manual
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
IterasjonListe
Denne artikkelen handlar om ein GeoGebra-kommando.Kommandotypar (Alle kommandoar)
- IterasjonListe[ <Funksjon f>, <Tal x_0>, <Tal på iterasjonar n> ]
- Gjev ei liste med lengde n + 1 der kvart element er gjeven av iterasjonar av f med startverdi x_0. For kvar iterasjon vert det forrige elementet i lista sett inn for variabelen i funksjonen.
- Døme:
La f(x) = x^2
, kommandoenIterasjonListe[f, 3, 2]
gjev då \{3, 9, 81\}La f(x) = x^2+2
, kommandoenIterasjonListe[f, 1, 3]
gjev då \{1, 3, 11, 123\}
Merk: Sjå også kommandoen Iterasjon.