Tekstar

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 18. april 2013 kl. 09:04 av Wallerau (diskusjon | bidrag) (korrekturlest)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Tekstobjekt kan verte laga ved å bruke kommandoen Tekst, verktøyet Tool Insert Text.gif Set inn tekst eller ved å dra eit objekt frå algebrafeltet til grafikkfeltet. Ein anna metode for avanserte brukarar (forklart lenger ned) er å skrive rett inn i inntastingsfeltet.

Statisk tekst
Avheng ikkje av nokon matematiske objekt og vert vanlegvis ikkje påverka av endringar i konstruksjonen.
Dynamisk tekst
Inneheld verdiar av objekt som automatisk vert endra når objekta vert endra.
Blanda tekst
Teksten inneheld ein kombinasjon av statisk og dynamisk tekst. For å lage blanda tekst, må du skrive inn den statiske delen som vanleg tekst (t.d. Punkt A =), så trykkar du på objektet med verdien du vil vise i den dynamiske delen av teksten.
Merk: GeoGebra legg automatisk til syntaksen ("Punkt A = " + A) som er naudsynt får å lage den blanda teksten: hermeteikn for den statiske delen og eit plussteikn (+) for å setje saman dei ulike delane av teksten.


Inndata Forklaring
Dette er statisk tekst Statisk tekst
A Dynamisk tekst (dersom punkt A eksisterer)
"Punkt A = " + A Blanda tekst med ein statisk del og ein dynamisk del som gjev verdien til punkt A
"a = " + a + "cm" Blanda tekst med tre delar; den dynamiske delen gjev verdien av talet a


Merk: Dersom eit objekt med namn xx allereie eksisterer og du vil lage ein statisk tekst som inneheld namnet til objekt, må du skrive det i hermeteikn ("xx"). Elles vil GeoGebra automatisk lage ein dynamisk tekst som gjev deg verdien av objektet xx i staden for namnet. All tekst som ikkje samsvarar med namnet til eit objekt kan du skrive utan hermeteikn.
Merk: Inni ein blanda tekst må den statiske delen stå i hermeteikn. Forskjellige delar av teksten kan knytast saman med plussteikn (+). Frå og med versjon 4.0 er ikkje plussteiknet lengre obligatorisk.

Tekstobjekt kan også bruke LaTeX for å vise matematikk.

© 2021 International GeoGebra Institute