LaTeX

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


I GeoGebra kan du også skrive inn formlar. For å gjere det, huk av boksen LaTeX-formel i dialogboksen du får opp når du bruker verktøyet Tool Insert Text.gif Set inn tekst, og skriv inn formelen med LaTeX-syntaks. Når du huker av for LaTeX får du også ein nedtrekksmeny ved LaTeX-formel. Der kan du få satt inn koden for kvadratrøtter, matriser, integral med meir.

Merk: For å lage tekst som inneheld både LaTeX-formlar og vanleg statisk tekst kan du skrive den statiske teksten som vanleg og setje LaTeX-delen mellom dollarteikn ($).
Døme: Lengden av diagonalen er $\sqrt{ 2 }$.
Merk: Du kan enkelt få ein LaTeX-tekst som inneheld verdien til eit objekt i algebrafeltet ved å dra objektet frå algebrafeltet og slippe det i grafikkfeltet.

Du kan velje syntaksen for vanlege symbol frå nedtrekksmenyen med tittel Symbol. Veljer du eit symbol frå denne menyen vert LaTeX-koden for symbolet satt inn i teksten. Symbolmenyen inneheld vanlege matematiske symbol, greske bokstavar og operatorar. Dersom du vil lage dynamisk tekst i formelen må du velje objekta frå nedtrekksmenyen Objekt. GeoGebra sett då inn namnet til objektet og syntaksen for blanda tekst.

Nokre viktige LaTeX kommandoar vert forklart i tabellen under. Sjå i dokumentasjonen til LaTeX for meir informasjon.

LaTeX input Resultat
a \cdot b a \cdot b
\frac{a}{b} \frac{a}{b}
\sqrt{x} \sqrt{x}
\sqrt[n]{x} \sqrt[n]{x}
\vec{v} \vec{v}
\overline{AB} \overline{AB}
x^{2} x^{2}
a_{1} a_{1}
\sin\alpha + \cos\beta \sin\alpha + \cos\beta
\int_{a}^{b} x dx \int_{a}^{b} x dx
\sum_{i=1}^{n} i^2 \sum_{i=1}^{n} i^2
© 2024 International GeoGebra Institute