Set inn tekst Verktøy

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.

Med dette verktøyet kan du lage statisk og dynamisk tekst eller LaTeX-formlar i grafikkfeltet.

Først må du spesifisere posisjonen til teksten på ein av dei følgjande måtane:

  • Trykk ein plass i grafikkfeltet for å plassere teksten der.
  • Trykk på eit punkt for å feste teksten til punktet.
Merk: Posisjonen til teksten kan vere absolutt eller relativt til eit koordinatsystem. Du kan spesifisere dette i fanene Basis og Posisjon når du opnar dialogboks for eigenskapar for teksten.

Ein dialogboks vert opna der du kan skrive inn teksten samt velje om den skal vere statisk, dynamisk eller blanda.

Teksten du skriv direkte i Rediger-feltet er statisk, det vil seie at den ikkje vert påverka av at objekt vert endra. Dersom du vil ha ein dynamisk tekst, som viser den skiftande verdien til eit objekt, vel du objektet frå nedtrekksmenyen Objekt. Namnet til objektet vert då vist i ein liten grå boks i Rediger-feltet, og verdien vert vist i Førehandsvis-feltet. Ved å høgreklikke på den dynamiske teksten i Rediger-feltet kan du velje om det er Definisjonen eller verdien som skal verte vist.

Det er også mogleg å gjere algebraiske operasjonar eller spesifisere kommandoar på objekt. Dette gjer du ved å trykke i den grå boksen og skrive inn den algebraiske operasjonen eller tekstkommandoen. Resultatet vert vist i Førehandsvis-feltet.

Døme: Skriv inn RoterTekst["A", pi] for å skrive ein A opp-ned.

Det beste visuelle resultatet får du ved å bruke LaTeX-formatering. Du kan anten skrive inn LaTeX-kode eller bruke formlane som ligg i nedtrekksmenyen. Du kan også velje ei mengde av matematiske symbol og operatorar (samt ein del andre symbol og teikn) frå nedtrekksmenyen Symbol.

Merk: Sjå også sidene LaTeX og Tekstar og tekstkommandoar.
© 2021 International GeoGebra Institute