Tal og vinklar

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Tal

Du kan lage tal ved å bruke inntastingsfeltet. Dersom du berre skriv inn eit tal (t.d. 3), vil GeoGebra tildele ein liten bokstav som namn for talet. Dersom du vil gi talet eit bestemt namn kan du skrive inn namnet etterfulgt av er lik og talet (t.d. r = 3.52).

Merk: I GeoGebra er punktum (.) brukt som desimalteikn for tal og vinklar.

Du kan også bruke kontantane π og ℯ (Euler sin konstant) i uttrykk og utrekningar ved å velje dei frå Symbolliste.png symbollista til høgre for inntastingsfeltet, eller ved å bruke tastatursnarvegar.

Merk: Dersom variabelen e ikkje er brukt som namn på eit eksisterande objekt vil GeoGebra gjenkjenne han som Euler sin konstant.

Vinklar

Vinklar vert skrive inn som gradar (°) eller radianar (rad). Kontanten π er nyttig ved bruk av radianar og kan verte skrive inn som pi.

Merk: Du kan også skrive inn symbolet for gradar (°) og symbolet for pi (π) med følgjande tastatursnarvegar:
  • Alt + O (Mac OS: Ctrl + O) for °
  • Alt + P (Mac OS: Ctrl + P) for π
Døme: Du kan skrive inn ein vinkel α i gradar (t.d. α = 60°) eller radianar (t.d. α = pi/3).
Merk: GeoGebra utfører alle interne utrekningar ved bruk av radianar. Symbolet for gradar (°) vert då det same som konstanten π/180 som vert brukt til konvertering.
Døme:
  • Dersom a = 30 er et tal, vil α = a° konvertere talet a til ein vinkel α = 30° utan at verdien til a vert endra.
  • Dersom du skriv inn b = α / °, vert vinkelen α konvertert til talet b = 30, utan at verdien til α vert endra.
Merk: For avhengige vinklar kan du velje om den kan bli konveks eller ikkje under fana Basis i eigenskapar.

Frie tal og vinklar

Frie tal og vinklar vert vist som glidarar i grafikkfeltet. Ved å bruke piltastane kan du endre verdien til talet eller vinkelen i algebrafeltet.

Merk: For meir informasjon kan du sjå på sida om animasjon.

Begrens verdi til intervall

Frie tal og vinklar kan verte avgrensa til eit intervall [min, maks] under fana Glidar i eigenskapar.

Merk: Sjå også verktøyet Tool Slider.gif Glidar.
© 2024 International GeoGebra Institute