RegPot Kommando
Frå GeoGebra Manual
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
- RegPot[ <Liste med punkt> ]
- Finn regresjonskurva i form av ein potensfunksjon ax^b.
- Døme:
RegPot[{(1, 1), (2, 4), (3, 8)}]
gjev 1.02x^{1.9}. - Merk:
- Regresjonskurva er den kurva som passar best med punkta i lista.
- Alle punkta må vere i første kvadrant (altså ha positiv x- og y-koordinat).
Merk:
- For meir informasjon om regresjon med GeoGebra sjå: Regresjon med GeoGebra.
- Sjå også verktøyet Regresjonsanalyse i reknearket.
- Sjå også dei andre regresjonskommandoane Reg, RegEksp, RegEksp2, RegLin, RegLinX, RegLog, RegLogist, RegPoly og RegSin.