Regresjonsanalyse Verktøy
Regresjonsanalyse
Denne artikkelen handlar om eit GeoGebra-verktøy.
Verktøykategoriar (Alle verktøy)
- Verktøy for flytting
- Punktverktøy
- Linjeverktøy
- Verktøy for spesielle linjer
- Verktøy for mangekantar
- Verktøy for sirklar og bogar
- Verktøy for kjeglesnitt
- Verktøy for måling
- Verktøy for omformingar
- Verktøy for spesielle objekt
- Verktøy for objekthandlingar
- Generelle verktøy
- CAS-verktøy
- Verktøy for rekneark
- Eigne verktøy
Vel to kolonnar med taldata i par frå reknearket og trykk på dette verktøyet. Det vert då opna ein dialogboks (Datakjelde) der du kan endre på data og velje kva data representerar. Trykk på Analyser for å opne ein ny dialogboks (Dataanalyse) som lagar grafar og finn to-variabel statistiske verdiar frå dataverdiane. Dialogboksen har fire panel: eit statistikkpanel, eit datapanel og to grafpanel. Dei forskjellige panela kan verte opna og lukka under stilmenyen som du finn under verktøymenyen.
Dialogboksen opnar med eit punktdiagram. I menyen under grafen kan du velje forskjellige regresjonsmodellar. Når ein modell er valt vil regresjonskurva verte teikna og likninga for kurva vert vist.
Når du held musepekaren mot toppen av eit av grafpanela vil den verte endra til ei hand. Du kan då trykkje ned og halde inne venstre musknapp og dra grafen over i grafikkfeltet.