Median Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Median[ <Liste med tal> ]
Finn medianen av tala i lista.
Døme: Median[{1, 2, 3}] gjev 2.
Merk: Dersom lengda på lista er eit partal vil det aritmetiske gjennomsnittet av dei to senterelementa verte returnert.
Døme: Median[{1, 1, 8, 8}] gjev 4.5
Median[ <Liste med tal L>, <Liste med frekvensar F> ]
Finn medianen av tala i lista L når talet på førekomstar av kvart tal i L er gjeve av samsvarande element i F.
Døme: Median[{1, 3, 2}, {2, 1, 3}] gjev 2, sidan 2 er medianen i lista 1, 1, 2, 2, 2, 3.

CAS-delen

Median[ <Liste med tal> ]
Finn medianen av tala i lista.
Døme:
  • Median[{1, 2, 3}] gjev 2
  • Median[{1, 1, 8, 8}] gjev \frac{9}{2}
© 2024 International GeoGebra Institute