Gjennomsnitt Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Gjennomsnitt[ <Liste med tal> ]
Finn gjennomsnittet av tala i lista.
Døme:
  • Gjennomsnitt[{1, 2, 3}] gjev 2, som er \frac{1+2+3}{3}
  • Gjennomsnitt[{2, 5, 3, 7}] gjev 4.25, som er \frac{2+5+3+7}{4}
Gjennomsnitt[ <Liste med tal L>, <Liste med frekvensar F> ]
Finn gjennomsnittet av tala i L når talet på kvart element i L er gjeve av det samsvarande elementet i F.
Døme: La L = {1, 2, 3, 4} og F = {2, 1, 1, 5}. Gjennomsnitt[L, F] gjev da 3, som er \frac{1\cdot2+2+3+4\cdot5}{9}.
Merk: Listene L og F må vere like lange.

CAS-delen

Gjennomsnitt[ <Liste med tal> ]
Finn gjennomsnittet av tala i lista. Kommandoen gjev det eksakte svaret (som brøk) og dersom lista inneheld udefinerte variablar vert det gjeve ein formel for svaret.
Døme: Gjennomsnitt[{2, 5, 3, a}] gjev \frac{a+10}{4}
© 2024 International GeoGebra Institute