Filmeny

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 2. september 2014 kl. 00:11 av Arve (diskusjon | bidrag) (fjernet unchecked)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Menu New.png Nytt vindauge

Tastatursnarvegar: Ctrl + N (MacOS: Cmd + N)
Dette menypunktet let deg opne eit nytt GeoGebra vindauge med GeoGebra sine standardinnstillingar.
Merk: Dersom du lagrar innstillingane dine i Innstillingar-menyen vil det nye vindauge bruke dine tilpassa innstillingar.

Ny

Dette menypunktet opnar eit nytt tomt brukergrensesnitt i det same GeoGebra vindauget. Du vert spurt om du vil lagre dei eksisterande konstruksjonane før det nye grensesnittet vert opna.
Merk: Det nye brukergrensesnittet vil bruke innstillingane frå den forrige konstruksjonen. Til dømes vil koordinataksane vere skjulte dersom dei var det før du trykte på Ny.

Menu Open.png Opne...

Tastatursnarvegar: Ctrl + O (MacOS: Cmd + O)
Dette menypunktet let deg opne eit GeoGebra arbeidsark (GGB-fil), et GeoGebra verktøy (GGT-fil) eller eit dynamisk arbeidsark (HTM eller HTML-fil produsert i GeoGebra) som er lagra på datamaskina.
Merk: Du kan også opne ei GeoGebra-fil ved å dra ei fil inn i GeoGebra vindauget og sleppe ho der.

Menu Open.png Opne nettside...

Dette menypunktet let deg opne ei nettside som inneheld ein GeoGebra-applet ved å skrive inn nettadressa i dialogboksen som vert opna.

Opne sist brukte

Under dette menypunktet for du lista opp dei åtte siste opna filene.

Menu Save.png Lagre

Tastatursnarvegar: Ctrl + S (MacOS: Cmd + S)
Dette menypunktet let deg lagre den noverande konstruksjonen som ei Geogebra-fil (GGB-fil) på datamaskina di.
Merk: Dersom fila har vore lagra før vil dette overskrive den gamle fila ved å bruke same filnamn.

Lagre som...

Dette menypunktet let deg lagre den noverande konstruksjonen som ei GeoGebra-fil (GGB-fil). Du vert spurt om å skrive inn eit namn på fila før ho vert lagra på datamaskina di.

Export small.png Del...

Dette menypunktet let deg laste opp arbeidsarket ditt direkte til GeoGebra. Sjå også sida Eksporter dialogboks for arbeidsark.

Eksporter

Dette menypunktet gjev deg fleire moglegheiter for å eksportere arbeidsarket:

Menu Print Preview.png Førehandsvis utskrift

Tastatursnarvegar: Ctrl + P (MacOS: Cmd + P)
Dette menypunktet opnar eit vindauge for førehandsvisning av utskrift for grafikkfeltet. Du kan spesifisere tittel, forfatter og dato, velje kva for vindu som skal verte skrive ut, samt velje skalering.
Merk: Trykk Enter etter å ha gjort ei endring for å oppdatere førehandsvisninga.

Menu Close.png Lukk

Tastatursnarvegar: Alt + F4 (MacOS: Cmd + W)
Dette menypunktet lukkar GeoGebra vindauget. Dersom du ikkje lagrar før du lukkar vil du bli spurt om du vil lagre først.
© 2024 International GeoGebra Institute