Redigeringsmeny
Frå GeoGebra Manual
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
Denne artikkelen handlar om ein del av brukargrensesnittet i GeoGebra.
Hovudkomponentar
Oppsett
Menyar
Dialogboksar
Angre
- Tastatursnarvegar: Ctrl + Z (MacOS: Cmd + Z)
- Dette menyvalet let deg angre aktivitet steg for steg.
- Merk: Du kan også bruke angreknappen til høgre for verktøylinja.
Gjenopprett
- Tastatursnarvegar: Ctrl + Y (MacOS: Cmd + Shift + Z)
- Dette menyvalet let deg gjenopprette aktivitet som tidligere har vorte angra.
Kopier
- Tastatursnarvegar: Ctrl + C (MacOS: Cmd + C)
- Dette menyvalet let deg kopiere det som er vald til utklippstavla, t.d. eit punkt, ei linje eller ein variabel.
Lim inn
- Tastatursnarvegar: Ctrl + V (MacOS: Cmd + V)
- Dette menyvalet let deg lime inn det som er på utklippstavla.
Kopier grafikkfeltet til utklippstavla
- Tastatursnarvegar: Ctrl + Shift + C (MacOS: Cmd + Shift + C)
- Dette menyvalet kopierer grafikkfeltet til datamaskina si utklippstavle. Etterpå kan du enkelt lime dette bildet inn i andre dokument (t.d. eit tekstbehandlingsdokument).
Object Properties…
- Tastatursnarvegar: Ctrl + E (MacOS: Cmd + E)
- Dette menyvalet opnar Eigenskapar som let deg endre eigenskapane til alle objekta du jobbar med.
Vel alt
- Tastatursnarvegar: Ctrl + A (MacOS: Cmd + A)
- Dette menyvalet let deg velje alle objekt som vert brukt i konstruksjonen.
Vel dette laget
- Tastatursnarvegar: Ctrl + L (MacOS: Cmd + L)
- Dette menyvalet let deg velje alle objekt som er på same lag som eit vald objekt.
- Merk: Du må vele eit objekt som ligg på ønska lag før du bruker dette menyvalet.
Vel sluttobjekt
- Tastatursnarvegar: Ctrl + Shift + J (MacOS: Cmd + Shift + J)
- Dette menyvalet let deg velje alle objekter som er avhengige av det valde objektet.
- Merk:
- Du må velje eit overordna objekt før du bruker dette menyvalet.
- Du kan lage dine eigne verktøy også. Startobjekt er grunnlaget for verktøyet, mens sluttobjekt er resultatet av verktøyet.
- Døme: E linje gjennom to punkt vil vere underordna og avhengig av to punkt. Vel eit av punkta og bruk tastatursnarvegen for å velje linja også.
Vel startobjekt
- Tastatursnarvegar: Ctrl + J (MacOS: Cmd + J)
- Dette menyvalet let deg velje alle objekt som det valde objektet er avhengig av.
- Merk:
- Du må velje eit underordna objekt før du bruker dette menyvalet.
- Du kan lage dine eigne verktøy også. Startobjekt er grunnlaget for verktøyet, mens sluttobjekt er resultatet av verktøyet.
- Døme: Ein sirkel er avhengig av eit sentrumspunkt. Vel sirkelen og bruk tastatursnarvegen for å velje punkta sirkelen er avhengig av.
Inverter utval
- Tastatursnarvegar: Ctrl + I (MacOS: Cmd + I)
- Opphever merking av valde objekt og motsatt.
Vis / skjul objekt
- Tastatursnarvegar: Ctrl + G (MacOS: Cmd + G)
- Endrar synligheiten til valde objekt.
- Tastatursnarvegar: Ctrl + Shift + G
- Viser eller skjuler namn for valde objekt i grafikkfeltet.
Slett
- Tastatursnarvegar: Delete (MacOS: Backspace)
- Dette menyvalet slettar valde objekt, samt objekt som er avhengige av dei.
- Merk: Du må velje objekta du vil slette først (til dømes l ved bruk av eit markeringsrektangel).