Innstillingar

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


I denne menyen kan du endre globale innstillinger, det vil si innstillinger som gjelder for hele GeoGebra.

Merk: For å endre objekteigenskapar må du bruke kontekstmenyen eller dialogboks for eigenskapar.

Algebrauttrykk vist som

Dette menypunktet let deg velje korleis objekt skal verte vist i algebrafeltet. Du har tre val:
Verdi
Viser noverandre verdi for objektet.
Døme: \mathrm{\mathsf{ x^2+y^2=1 }}
Definisjon
Viser ei brukervennleg forklaring for objektet.
Døme: Sirkel gjennom B med sentrum i A.
Kommando
Viser kommandoen som vart brukt for å lage objektet.
Døme: Sirkel[A, B].

Menu Point Capturing.gif Punktstyring

Dette menypunktet gjev deg fire ulike val for punkt:
Automatisk
Skrur punktstyring når rutenettet eller koordinataksane er synlege, og av når begge er skjult.
Styr mot rutenettet
Når eit punkt er nær ei skjering mellom linjer i rutenettet vil det det leggje seg til skjeringspunktet.
Berre på rutenettet
Eit punkt kan berre verte plassert på skjeringspunkt mellom linjer i rutenettet.
Av
Punktstyring er skrudd av.
Merk: Styr mot rutenettet og Berre på rutenettet vala vil fortsette å vere aktive når dei er valt óg hvis rutenettet er skjult.

Avrunding

Dette menypunktet let deg setje talet på desimalar eller gjeldande siffer som skal verte vist på skjermen.

Tool Show Hide Label.gif Namn på objekt

Dette menypunktet let deg spesifisere om namnet på nye objekt skal verte vist eller ikkje. Du kan velje mellom Automatisk, På alle objekt, Ikkje på nye objekt og Berre nye punkt.
Merk: Valet Automatisk viser namnet på nylig konstruerte objekt dersom algebrafeltet er synleg.

Menu Font.png Skriftstorleik

Dette menypunktet let deg setje skriftstorleiken på all tekst i GeoGebra.
Merk: Dersom du nyttar GeoGebra som eit presentasjonsverktøy vil større skriftstorleik gjere det lettare for punblikum å lese tekstar, objektnamn og liknande.

Menu Language.png Språk

Dette menypunktet let deg velje kva for språk som skal verte brukt i GeoGebra. Endring av språk vil påverke all inndata (t.d. kommandonavn) og utdata (t.d. det som vert vist i algebrafeltet).
Merk: Uansett kva for språk du veljer vil flagg-ikonet lede deg tilbake til språkmenyen. Alle språknamn vil alltid verte vist på engelsk.

Menu Properties.png Avansert...

Dette menypunktet opnar dialogboksen for innstillingar.
Merk: Du kan óg opne denne dialogboksen ved å høgreklikke (Mac OS: Ctrl-click) i grafikkfeltet, velje Menu Properties Gear.pngGrafikkfelt 1... og så Innstillingar - Avansert frå stilmenyen.

Menu Save.png Lagre innstillingar

Dette menypunktet let deg lagre favorittinnstillingane dine (t.d. innstillingar i denne menyen, noverande verktøylinje eller innstillingar for grafikkfeltet).

Gjenopprett standardinnstillingar

Dette menypunktet vil gjenopprette standardinnstillingane til GeoGebra.


© 2017 International GeoGebra Institute