Eksporter dialogboks for arbeidsark

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


GeoGebra let deg lage interaktive websider, såkalla dynamiske arbeidsark, frå filene dine. Det gjer du ved å gå til Fil-menyen og velje Eksporter og så Dynamisk ark som webside (html) eller ved å trykke Ctrl + Shift + W. Dette opnar dialogboksen for eksport av dynamiske ark.

Export.pngLast opp til GeoGebra

Under denne fana kan du skrive inn ein tittel for konstruksjonen din, ein tekst over og under konstruksjonen (til dømes forklaring eller nokre oppgåver). Trykk Last opp for å laste opp til GeoGebra.

Merk: Når du lastar opp ei fil til GeoGebra vil du først verte bedt om å lage ein brukarkonto eller logge inn.

Export-html.pngEksporter som webside

Under denne fana kan du lage ei html fil på datamaskina di. Sjå meir på sida Eksporter som webside.

© 2017 International GeoGebra Institute