Oppsett

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


GeoGebra gjev tre forskjellige oppsett for å vise matematiske objekt: Grafikkfeltet (mogleg med to vindauge), det numeriske algebrafeltet og reknearket.

Oppsetta let deg vise matematiske objekt i forskjellige representasjonar: grafisk (t.d. punkt og funksjonsgrafar), algebraisk (t.d. koordiantar til punkt og likningar) og i reknearkceller.

Dei forskjellige representasjonane er linka dynamisk slik at ei endring til ein av dei automatisk vil påverke dei andre.

I tillegg er det ein CAS-del tilgjengeleg. Den let deg gjere utrekningar både numerisk og symbolsk. CAS-delen støttar dei viktigaste algebraiske operasjonane i tillegg til derivasjon, integrasjon, løysing av likningar og differensiallikninger med meir.

Views.png

Stilmeny

Kvart oppsett har si eige stil verktøylinje som kan verte opna ved å trykkje på den lille pila øvst til venstre i visninga. Stilmenyen gjev deg rask tilgang til formateringsfunksjonar. For meir informasjon sjå seksjonane om stilmenyen for kvart av oppsetta:

Slik ser stilmenyen ut for grafikkfeltet:

NO stilmeny grafikkfelt.png

Oppsettsmeny

NN oppsettsmeny.png

Oppsettsmenyen vert vist på høgre sida av vindauget når du opnar GeoGebra. Du kan opne og lukke han ved den lille pila du ser til høgre i GeoGebra-vindauget. Denne menyen let deg enkelt skifte mellom ulike visningar utan å velje kvar einskild for seg sjølv. Du kan velje mellom fem ulike standard-visningar:

* Algebra og grafikk: Algebrafeltet og grafikkfeltet med aksar vert vist.
* Grunnleggande geometri: Berre grafikkfeltet utan aksar og rutenett vert vist.
* Geometri: Berre grafikkfeltet med rutenett vert vist.
* Tabell og grafikk: Reknearket og grafikkfeltet med aksar vert vist.
* CAS og grafikk: CAS-delen og grafikkfeltet med aksar vert vist.
© 2024 International GeoGebra Institute