Kontekstmeny

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Kontekstmenyen gjev ein rask måte å endre oppførsel eller avanserte eigenskapar for eit objekt. Du høgreklikkar (Mac OS: Ctrl-klikk) på eit objekt for å opne kontekstmenyen. Du kan til dømes endre den algebraiske notasjonen til eit objekt (polare eller kartesiske koordinatar, implisitt eller eksplisitt likning) og få direkte tilgang til funksjonar som Rename.png Gje nytt namn, Tool Delete.gif Slett, Trace On.gif Slå på sporing og Animasjon på.

Merk: Dersom du opnar kontekstmenyen for eit punkt i grafikkfeltet kan du Tool Record to Spreadsheet.gif overføre verdiar til reknearket (berre dersom reknearket er aktivt). Når Overfør verdiar til reknearket er vald, kan denne funksjonen registrere koordinatane til punktet i reknearket dersom det vert flytta.
Merk: Menu Properties Gear.png Eigenskapa... i kontekstmenyen opnar dialogboksen for eigenskapar, der du kan endre eigenskapane til alle objekt som er i bruk.
© 2024 International GeoGebra Institute