Innstillingar for utskrift

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.

Utskrift av grafikkfeltet

GeoGebra let deg skrive ut eit bilde av konstruksjonane i grafikkfeltet. Du finn eit menyvalet Førehandsvis utskrift i Fil-menyen eller du kan trykke Ctrl + P. I dialogboksen som vert opna kan du skrive inn tittel, forfatter og dato for konstruksjonen. I tillegg kan du velje skalering, orientering (liggande eller ståande) og kva for felt som skal verte skrive ut (algebrafelt eller grafikkfelt).

Merk: For å oppdatere førehandsvisninga etter at du har gjort ei endring i teksten må du trykke Enter.

Utskrift av framgangsmåte

Dersom du vil skrive ut framgangsmåten må du først opne den frå Vis-menyen eller ved å trykke Ctrl + Shift + L og så velje Skriv ut.

I utskriftsdialogboksen som vert opna kan du skrive inn forfattar, velje margstorleik og orientering før du skriv ut.

Merk: For å skjule kolonnar i utskrifta, må du velje kva for kolonner som skal verte vist i framgangsmåten før du opnar utskriftsdialogen.
© 2024 International GeoGebra Institute