Invers Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Invers[ <Matrise M> ]
Finn den inverse matrisa til M.
Døme:
Invers[{{1, 2}, {3, 4}}] gjev

\begin{pmatrix} -2 & 1\\ 1.5 & -0.5 \end{pmatrix} , som er den inverse matrisa til

\begin{pmatrix} 1 & 2\\ 3 & 4 \end{pmatrix}

.
Invers[ <Funksjon f> ]
Finn den inverse funksjonen til f.
Merk:
Funksjonen må innehalde berre eit ledd med x og det vert ikkje teken omsyn til definisjonsmengde eller verdimengde; til dømes for f(x)=x^2 eller f(x) = sin(x). Dersom det er meir enn ein x i funksjonen må du bruke ein annan kommando i tillegg.:
Døme:
Både Invers[Delbrøkoppspalting[(x + 1) / (x + 2)]] ogInvers[FullstendigKvadrat[x^2 + 2 x + 1]] gjev dei inverse funksjonane sjølv om det er meir enn eit ledd som inneheld x.
Merk: Sjå også kommandoane Determinant og Transponer.

CAS-delen

Invers[ <Matrise M> ]
Finn den inverse matrisa til M. Kan også verte brukt på matriser med udefinerte variablar.
Døme:
Invers[{{a, b}, {c, d}}] gjev

\begin{pmatrix} \frac{d}{ad- bc} & \frac{-b}{ad- bc}\\ \frac{-c}{ad- bc}& \frac{a}{ ad- bc} \end{pmatrix} , som er den inverse matrisa til

\begin{pmatrix} a & b\\ c & d \end{pmatrix}

.
Invers[ <Funksjon f> ]
Finn den inverse funksjonen til f. Kommandoen kan også verte brukt på funksjonar der meir enn eit ledd inneheld x.
Døme:
Invers[(x + 1) / (x + 2)] som gjev \frac{-2x+1}{x-1}.
© 2024 International GeoGebra Institute