Einingsvektor Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
Einingsvektor[ <Vektor> ]
Gjev ein vektor med lengde 1 som har same retning og orientering som den gjevne vektoren. Vektoren må verte definert først.
Døme:
La v=\begin{pmatrix}3\\4\end{pmatrix}. Einingsvektor[v] gjev \begin{pmatrix}0.6\\0.8\end{pmatrix}.
Einingsvektor[ <Linje> ]
Gjev retningsvektoren med lengde 1 til linja.
Døme:
Einingsvektor[3x + 4y = 5] gjev \begin{pmatrix}0.8\\-0.6\end{pmatrix}.
Einingsvektor[ <Linjestykke> ]
Gjev retningsvektoren med lengde 1 til linjestykket.

CAS-delen

Einingsvektor[ <Vektor> ]
Gjev ein vektor med lengde 1 som har same retning og orientering som den gjevne vektoren.
Døme:
  • Einingsvektor[(a, b)] gjev \left(\frac{a}{\sqrt{a^{2} + b^{2} } }, \frac{b}{\sqrt{a^{2} + b^{2} } }\right).
  • Einingsvektor[(2, 4, 4)] gjev \left(\frac{1}{3}, \frac{2}{3}, \frac{2}{3}\right).
© 2024 International GeoGebra Institute