Integral Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Integral[ <Funksjon> ]
Finn det ubestemte integralet til funksjonen.
Døme:
Integral[x^3] gjev \frac{x^4}{4}.
Integral[ <Funksjon>, <Tal a>, <Tal b> ]
Finn det bestemte integralet av funksjonen i intervallet [a, b].
Merk: Kommandoen vil også skravere arealet mellom grafen til funksjonen og x-aksen.
Integral[ <Funksjon>, <Tall a>, <Tall b>, <Boolsk test> ]
Skraverar området under funksjonen i intervallet [a, b].
  • Dersom Boolsk test = true vert også det bestemte integralet i intervallet utrekna
  • Dersom Boolsk test = false vert ikkje det bestemte under funksjonen utrekna
Merk: Sjå også kommandoen IntegralMellom.
Merk: Sjå også Wikipedia på integral.

CAS-delen

Integral[ <Funksjon> ]
Gjev det ubestemte integralet av funksjonen.
Døme:
Integral[cos(x)] gjev sin(x) + c_1.
Integral[ <Funksjon>, <Variabel> ]
Gjevdet ubestemte integralet av funksjonen med omsyn på den gjevne variabelen.
Døme:
Integral[cos(a t), t] gjev \frac{sin(a t)}{a} + c_1.
Integral[ <Funksjon>, <Tal a>, <Tal b> ]
Gjev det bestemte integralet av funksjonen i intervallet [a, b].
Døme:
Integral[cos(x), a, b] gjev sin(b) - sin(a).
Integral[ <Funksjon>, <Variabel>, <Tal a>, <Tal b> ]
Gjev det bestemte integralet av funksjonen i intervallet [a, b] med omsyn på den gjevne variabelen.
Døme:
Integral[cos(t), t, a, b] gjev sin(b) - sin(a).
Merk: Sjå også verktøyet Tool Integral.gif Integral.
© 2020 International GeoGebra Institute