Dersom Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Dersom[ <Vilkår>, <Objekt> ]
Returnerer ein kopi av objektet dersom vilkåret har verdien true, eller returnerer eit udefinert objekt dersom vilkåret har verdien false.
Dersom[ <Vilkår>, <Objekt a>, <Objekt b> ]
Returnerer ein kopi av objektet a dersom vilkåret har verdien true, eller returnerer objekt b dersom vilkåret har verdien false.
Merk: Objekt a og b må vere av same type.

Funksjonar med vilkår

Kommandoen Dersom kan verte brukt til å lage funksjonar med vilkår. Slike funksjonar kan verte brukt som argument i alle kommandoar som tek ein funksjon som argument, til dømes Derivert, Integral og Skjering.
Døme:
  • f(x) = Dersom[x < 3 ∧ x>0, x^3] lagar ein funksjon f(x) lik x3 for x mellom 0 og 3 og udefinert elles.
  • g(x) = Dersom[x < 3, sin(x), x^2] lagar ein funksjon g(x) lik sin(x) for x < 3 og x2 for x ≥ 3.
Merk:
  • Sjå seksjonen: Boolske verdiar for symbola som vert brukt i funksjonar med vilkår.
  • Derivert av Dersom[<Vilkår>, f(x), g(x)] gjev Dersom[<Vilkår>, f'(x), g'(x)]. Grensene vert ikkje evaluert ved dei kritiske punkta.

Skripting med Dersom

I mange programmeringsspråk har dersom tydninga dersom vilkåret held, gjer noko; dersom ikkje, gjer noko anna. I GeoGebra er derimot argumenta for dersom verdiar, ikkje kommandoar, og resultatet vert ein av desse verdiane. Difor, om du ønskjer å sette verdien av b til 3 dersom a > 2, så må det verte gjort på følgjande måte: b=Dersom[a > 2, 3].
© 2020 International GeoGebra Institute