Tekstar
Frå GeoGebra Manual
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
Denne sida har ikkje vorte korrekturlest enno. |
Tekstobjekt kan verte laga ved å bruke kommandoen Tekst, verktøyet Set inn tekst eller ved å dra eit objekt frå algebrafeltet til grafikkfeltet. Ein anna metode for avanserte brukarar (forklart lenger ned) er å skrive rett inn i inntastingsfeltet.
- Statisk tekst
- Avheng ikkje av nokon matematiske objekt og vert vanlegvis ikkje påverka av endringar i konstruksjonen.
- Dynamisk tekst
- Inneheld verdiar av objekt som automatisk vert endra når objekta vert endra.
- Blanda tekst
- Teksten inneheld ein kombinasjon av statisk og dynamisk tekst. For å lage blanda tekst, må du skrive inn den statiske delen som vanleg tekst (t.d. Punkt A =), så trykkar du på objektet med verdien du vil vise i den dynamiske delen av teksten.
Merk: GeoGebra legg automatisk til syntaksen ("Punkt A = " + A ) som er naudsynt får å lage den blanda teksten: hermeteikn for den statiske delen og eit plussteikn (+) for å setje saman dei ulike delane av teksten.
Inndata | Forklaring |
---|---|
Dette er statisk tekst | Statisk tekst |
A | Dynamisk tekst (dersom punkt A eksisterar) |
"Punkt A = " + A | Blanda tekst med ein statisk del og ein dynamisk del som gjev verdien til punkt A |
"a = " + a + "cm" | Blanda tekst med tre delar; den dynamiske delen gjev verdien av talet a |
Merk: Dersom eit objekt med namn xx allereie eksisterar og du vil lage ein statisk tekst som inneheld namnet til objekt, må du skrive det i hermeteikn ("xx"). Elles vil GeoGebra automatisk lage ein dynamisk tekst som gjev deg verdien av objektet xx istadenfor namnet. All tekst som ikkje samsvarar med namnet til eit objekt kan du imidlertid skrive utan hermeteikn.
Merk: Inni ein blanda tekst må den statiske delen stå i hermeteikn. Forskjellige delar av tekten kan verte knytta saman med plussteikn (+). Frå og med versjon 4.0 er + ikkje lenger obligatorisk.
Tekstobjekt kan også bruke LaTex for å vise matematikk.