Set inn bilde Verktøy
Set inn bilde
Denne artikkelen handlar om eit GeoGebra-verktøy.
Verktøykategoriar (Alle verktøy)
- Verktøy for flytting
- Punktverktøy
- Linjeverktøy
- Verktøy for spesielle linjer
- Verktøy for mangekantar
- Verktøy for sirklar og bogar
- Verktøy for kjeglesnitt
- Verktøy for måling
- Verktøy for omformingar
- Verktøy for spesielle objekt
- Verktøy for objekthandlingar
- Generelle verktøy
- CAS-verktøy
- Verktøy for rekneark
- Eigne verktøy
Dette verktøyet let deg setje inn eit bilde i grafikkfeltet.
Først må du spesifisere kor i grafikkfeltet bilde skal verte plassert. Du kan bestemme posisjonen til det nedre venstre hjørne til bilde ved å:
- trykkje ein plass i grafikkfeltet
- trykkje på eit punkt
Ein opne-fil dialogboks vert då opna og du kan velje ei bildefil frå datamaskina.
Bildeeigenskapar
Posisjonen til bildet kan vere absolutt eller relativt til eit koordinatsystem. Du kan spesifisere dette i fanene Basis og Posisjon når du opnar dialogboks for eigenskapar for bildet. Under fana Farge kan du endre fyllgraden til bildet slik at det vert gjennomsiktig. Under Posisjon kan du også spesifisere tre av hjørnepunkta. Det gjev deg fleksibilitet til å skalere, rotere og forvrenge bildet (sjå også kommandoen Hjørne).
- Hjørne 1: posisjonen til nedre venstre hjørne av bildet
- Hjørne 2: posisjonen til nedre høgre hjørne av bildet
- Merk: Dette hjørnet kan kun bli satt dersom Hjørne 1 allereie er satt. Det avgjer breidda til bildet.
- Hjørne 4: posisjonen til øvre venstre hjørne av bildet
- Merk: Dette hjørnet kan kun bli satt dersom Hjørne 1 allereie er satt. Det avgjer høgda til bildet.
- Sett punkt A som Hjørne 1 og punkt B som Hjørne 2 på bildet. Ved å dra punkt A og B ved bruk av verktøyet Flytt kan du sjå effekten av dei på bildet.
- Fjern punkt B som Hjørne 2 og sett punkt C som Hjørne 4. Dra punkt A og C for å sjå effekten av dei på bildet.
- Sett punkt B som Hjørne 2 igjen. Dra på punkta og sjå korleis bildet vert forvrengt.
- Sett Hjørne 1 til punkt A
- Sett Hjørne 2 til A + (3, 0)
- Sett Hjørne 4 til A + (0, 4)
Bildet kan verte sett som bakgrunnsbilde under fana Basis når du opnar dialogboks for eigenskapar for bildet. Eit bakgrunnsbilde ligg bak koordinatsystemet og kan ikkje verte valt med musa.
- Merk: For å endre bakgrunnsbildet må du opne dialogboksen for eigenskapar ved å velje Eigenskapar frå menyen Rediger.