Penn Verktøy

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.

Penna let deg lage frihandsteikningar eller notatar i grafikkfeltet. Det gjer at penna er spesielt nyttig når GeoGebra vert brukt til presentasjonar eller med interaktive whiteboards. For å leggje til eit frihandsnotat i eit valt område av grafikkfeltet merker du fyrst eit rektangel med verktøyet Tool Move.gif Flytt eller vel eit eksisterande bilde å teikne i. For å avslutte vel du eit anna verktøy.

GeoGebra lagrar det du har teikna som eit bilde, slik at du kan utføre bildeoperasjonar på det (flytte, rotere, slette, osv.).

Standardfargen for penna er svart, men du kan endre eigenskapane til penna (farge, stil, strekbreidde) ved å bruke stil verktøylinja som du kan opne ved å trykkje på den lille trekanten øvst til venstre i grafikkfeltet.

Viske ut

For å viske ut delar av teikninga held du nede høgre museknapp (når Penn-verktøyet er aktivt) og drar over den delen du vil viske ut. For å slette heile bilde kan du høgreklikke på det (anten i grafikkfeltet eller algebrafeltet) og velje Slett frå menyen.

© 2020 International GeoGebra Institute