Sannsynskalkulator Verktøy

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.

Når du vel dette verktøyet vert det opna eit vindauge der du kan rekne ut og sjå grafar for forskjellige sannsynsfordelingar samt utføre statistiske testar.

Sannsynsberekningar finn du under fana Fordeling:

  • For å endre fordeling bruker du nedtrekksmenyen og vel ønskja fordeling frå lista. Parametrar for fordelinga endrar du i dei tilhøyrande tekstboksane.
  • Ved å trykkje på ikonet ved sida av nedrekksmenyen kan du skifte til den kumulative fordelinga.
  • Under type fordeling finn du kva for intervall du vil rekne ut sannsynet på. Du kan velje einsidig (frå høgre eller venstre) og tosidig intervall, og endre intervallgrensene i dei tilhøyrande tekstboksane eller ved å dra intervallgrensene på grafen.
  • Nede til høgre finn du det berekna sannsynet som tilsvarar det skraverte arealet under grafen.
  • stilmenyen øvst oppe kan du velje å vise normalfordelinga i same diagram, samt eksportere grafen.

Når du held musepekaren mot toppen av eit av grafpanela vil den verte endra til ei hand. Du kan då trykkje ned og halde inne venstre musknapp og dra grafen over i grafikkfeltet.

Statistiske testar finn du under fana Statistikk:

  • For å endre testtype bruker du nedtrekksmenyen.
  • Definer nullhypotese og skriv inn parametrane for fordelinga i dei aktuelle tekstboksane.
© 2024 International GeoGebra Institute