DynamiskeKoordinatar Kommando

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 19. mars 2013 kl. 13:44 av Kstige (diskusjon | bidrag) (Fyrste omsetjing)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


DynamiskeKoordinatar[ <Punkt A>, <Tal X>, <Tal Y> ]
Lager eit punkt med koordinatar (X, Y). Punktet er avhengig, men kan verte flytta. Når du prøver å flytte det nye punktet til koordinatane (x, y) vil punktet A verte flytta dit istaden og koordinatane for det nye punktet vert funne. Kommandoen fungerer best dersom A er usynleg. Minst ein av x og y bør vere avhengig av A.
Døme:
  • Lag eit punkt A. B=DynamiskeKoordinatar[A,round(x(A)),round(y(A))]. Når du prøver å flytte B til (1.3,2.1) ved å bruke Tool Move.gif verktøyet Flytt, punkt A vert (1.3,2.1) og B vert vist i (1,2).
  • B=DynamiskeKoordinatar[A,x(A),min(y(A),sin(x(A)))] lagar eit punkt under sin(x).
Merk: PunktI[y<sin(x)] gjev ei lettare løysing ved dette høve.
  • La A=Punkt[xAkse] og B=Punkt[xAkse]. Skriv i inntastingsfeltet: DynamiskeKoordinatar[B, Min[x(B),x(A)],0] , og trykk Enter, VelVisingIGrafikkfelt[B, 1, false], og trykk Enter, VelLag[C, 1], og trykk Enter. C kan no ikkje verte flytta til høgre for A.
  • Definer A=(1,2). Skriv i inntastingsfeltet: VelVisingIGrafikkfelt[A, 1, false] og trykk Enter, B=DynamiskeKoordinatar[A, Dersom[x(A) > 3, 3, Dersom[x(A) < -(3), -3, Dersom[x(A)< 0, round(x(A)), x(A)]]]], Dersom[x(A) < 0, 0.5, Dersom[y(A) > 2, 2, Dersom[y(A) <0, 0, y(A)]]]], og trykk Enter.
  • Definer A=(1,2) og B=(2,3). Skriv i inntastingsfeltet: VelVisingIGrafikkfelt[B, 1, false] og trykk Enter, C=DynamiskeKoordinatar[B, Dersom[Avstand[A, B] < 1, x(A), x(B)], Dersom[Avstand[A, B] < 1, y(A), y(B)]].
© 2024 International GeoGebra Institute