Namn og objekttekstar
Denne sida har ikkje vorte korrekturlest enno. |
I GeoGebra har kvart objekt sitt unike namn. Namnet til eit objekt kan innehalde ein eller fleire bokstavar og eventuelle indeksar. For detaljar sjå sida Gje namn til objekt.
Vis og skjul namn
Du kan vise eller skjule objektnamnet i grafikkfeltet på ein av fleire måtar:
- Vel verktøyet Vis eller skjul namn på objekt og trykk på det objektet som du vil vise eller skjule namnet på.
- Opne kontekstmenyen for det ønska objektet og vel Vis namn.
- Opne dialogboksen for eigenskapar for det ønska objektet og huk av eller avhuk avkryssingsboksen Vis namn under fana Basis.
Namn og verdi
I GeoGebra har alle objekt eit unikt namn som kan identifisere det i grafikkfeltet. I tillegg kan objektet også identifiseres ved å bruke verdien eller namnet og verdien. Du kan endre innstillingane for dette under fana Basis i eigenskapar. Vel ønska visning frå nedtrekksmenyen bak Vis namn.
- Merk: Verdien til eit punkt er koordinatane, medan verdien til ein funksjon er likninga.
Objekttekst
Nokre gongar kan det hende at du vil identifisere fleire objekt med same tekst, til dømes dersom du vil namngje dei fire sidene til eit kvadrat med a
. Du kan då gje ein objekttekst til objektet og velje Objekttekst frå nedtrekksmenyen bak Vis namn under fana Basis i eigenskapar
Du kan bruke følgjande plassholdarar i objettekstar:
Plassholder | Tyding |
---|---|
%v | Verdi |
%n | Namn |
%x | x-koordinat (eller x-koeffisienten for linja a x + b y + c = 0) |
%y | y-koordinat (eller y-koeffisienten for linja a x + b y + c = 0) |
%z | 'c'-leddet for linja a x + b y + c = 0 (også: z-koordinaten, klar for 3D visning) |
LaTeX i objekttekstar
Du kan også bruke LaTeX i namn og objekttekstar. Då må du skrive LaTeX kommandoen mellom dollarteikn (t.d. $ x^{2} $), og velje mellom dei mest brukte greske bokstavane og operatorane frå boksen du får opp ved å trykke på det lille ikonet til høgre i feltet du skriv inn namnet eller objektteksten i.
$\frac{a}{b}$
.- Merk: LaTeX-tekstar vil ikkje virke for tekstfelt, knappar eller avkryssingsboksar.