Endre verdiar
Frå GeoGebra Manual
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
Du kan endre verdien til eit fritt objekt på to måtar:
- Skriv inn namnet etterfylgt av den nye verdien i inntastingsfeltet.
- Døme: Dersom du vil endre verdien på objektet a = 3 kan du til dømes skrive inn a = 5 i inntastingsfeltet og trykkje Enter.
- Endre den algebraiske representasjonen: Aktiver verktøyet Flytt og dobbelttrykk på objektet anten i algebrafeltet eller grafikkfeltet. Du får då opp dialogboksen for omdefinering der du kan endre verdien. Trykk OK eller Bruk for å iverksetje endringa.
Merk: Frie objekt kan verte endra direkte. Avhengige objekt kan berre endrast ved omdefinering eller ved at objekta dei avheng av vert endra.