LaTeX
I GeoGebra kan du også skrive inn formlar. For å gjere det, huk av boksen LaTeX-formel i dialogboksen du får opp når du bruker verktøyet Set inn tekst, og skriv inn formelen med LaTeX-syntaks. Når du huker av for LaTeX får du også ein nedtrekksmeny ved LaTeX-formel. Der kan du få satt inn koden for kvadratrøtter, matriser, integral med meir.
- Merk: For å lage tekst som inneheld både LaTeX-formlar og vanleg statisk tekst kan du skrive den statiske teksten som vanleg og setje LaTeX-delen mellom dollarteikn ($).
- Døme: Lengden av diagonalen er $\sqrt{ 2 }$.
- Merk: Du kan enkelt få ein LaTeX-tekst som inneheld verdien til eit objekt i algebrafeltet ved å dra objektet frå algebrafeltet og slippe det i grafikkfeltet.
Du kan velje syntaksen for vanlege symbol frå nedtrekksmenyen med tittel Symbol. Veljer du eit symbol frå denne menyen vert LaTeX-koden for symbolet satt inn i teksten. Symbolmenyen inneheld vanlege matematiske symbol, greske bokstavar og operatorar. Dersom du vil lage dynamisk tekst i formelen må du velje objekta frå nedtrekksmenyen Objekt. GeoGebra sett då inn namnet til objektet og syntaksen for blanda tekst.
Nokre viktige LaTeX kommandoar vert forklart i tabellen under. Sjå i dokumentasjonen til LaTeX for meir informasjon.
LaTeX input | Resultat |
---|---|
a \cdot b | a \cdot b |
\frac{a}{b} | \frac{a}{b} |
\sqrt{x} | \sqrt{x} |
\sqrt[n]{x} | \sqrt[n]{x} |
\vec{v} | \vec{v} |
\overline{AB} | \overline{AB} |
x^{2} | x^{2} |
a_{1} | a_{1} |
\sin\alpha + \cos\beta | \sin\alpha + \cos\beta |
\int_{a}^{b} x dx | \int_{a}^{b} x dx |
\sum_{i=1}^{n} i^2 | \sum_{i=1}^{n} i^2 |