Handlingsobjekt

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


For interaktive arbeidsark med scripting kan handlingsobjekt vere nyttige. Det er fire typar handlingsobjekt:

Avkryssingsboksar

Avkryssingsboksar er grafiske representasjonar av boolske verdiar.

Merk: Sjå verktøyet Tool Check Box to Show Hide Objects.gif Avkryssingsboks for å vise og skjule objekt og kommandoen Avkryssingsboks for meir informasjon om korleis du lager og bruker avkryssingsboksar.

Tekstfelt

Tekstfelt vert brukt for å skrive inn tekst ved skriving av script. Script vert sett i verk ved å endre teksten i tekstfeltet og så anten trykke Enter eller forlate tekstfeltet. Den innskrevne verdien kan nås ved bruk av variablen %0.

Døme: Tekstfelt med a=a+%0 i script vil øke verdien til a med den innskrevne verdien. Dette fungerer berre dersom a er eit fritt objekt.

Dersom du vil at tekstfeltet skal endre verdien til eit fritt objekt (eller redefinere eit avhengig objekt) kan du definere objektet som linka. På den måten treng du ikkje å skrive inn eit script.

Merk: Tekstfelt kan verte laga med verktøyet Tool Insert Textfield.gif Set inn eit tekstfelt eller kommandoen Tekstfelt.

Knappar

Knappar er meint for å køyre script når dei vert trykt på. Sjølvom script vert køyrt også ved å trykke på andre objekt (t.d. eit bilde), vil bruk av knappar gjere arbeidsarket meir intuitivt.

Merk: Knappar kan verte laga med verktøyet Tool Insert Button.gif Set inn ein knapp eller kommandoen Knapp.

Kombinasjonsboksar

Kombinasjonsboksar er berre tilgjengelg i reknearket. Du kan skrive inn ei liste i ei celle og så skru på valet Bruk knappar og avkryssingsboksar under fana Rekneark i dialogboksen for innstillingar. Lista vil verte gjort om til ein kombinasjonsboks og eit element kan verte henta ut ved å bruke ein av kommandoane ValdeIndeks og ValdeElement.

  • GeoGebra
  • Help
  • Partners
  • Contact us
    • Feedback & Questions
    • This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
    • +43 677 6137 2693
© 2017 International GeoGebra Institute