Animasjon

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Automatisk animasjon

GeoGebra let deg ikkje berre animere frie tal og/eller vinklar, men også avhengige punkt som er bunde til eit objekt (t.d. linjestykke, linjer, funksjonar, kurvar o.l.). For at dei skal kunne verte animert automatisk må frie tal/vinklar verte vist som glidarar i grafikkfeltet.

Dersom du vil animere eit fritt tal, ein vinkel eller eit avhengig punkt må du høgreklikke (Mac OS:Ctrl-klikk) på talet, vinkelen eller punktet og velje Animasjon på frå kontekstmenyen som vert opna. For å stoppe animasjon må du avhuke Animasjon på frå same meny.

Merk: Etter å ha satt på animsjonen vil ein animasjonsknapp verte vist i nedre venstre hjørne av grafikkfeltet. Den let deg Animate Pause.png pause ellerAnimate Play.png fortsetje animasjonen.

I dialogboksen for eigenskapar under fana Glidar kan du endre oppførselen til animasjonen:

  • Du kan endre farta til animasjonen.
Merk: Dersom farta er 1 vil det ta omtrent 10 sekund å gjennomføre animasjonen ein gong.
  • Du kan endre korleis animasjonssyklusen vert repetert:
⇔ Begge vegar
Animasjonssyklusen vekslar mellom å auke og minke verdien til glidaren.
⇒ Aukande
Verdien til glidaren aukar alltid. Når den kjem til maksimum, hoppar han tilbake til minimum og startar om att.
⇐ Minkande
Verdien til glidaren minkar alltid. Når den kjem til minimum, hoppar han tilbake til maksimum og startar om att.
⇒ Aukande (ein gong)
Verdien til glidaren aukar og gjennomfører animasjonen kun ein gong.
Merk: GeoGebra fungerer som vanleg medan ein automatisk animasjon er aktivert. Dette let deg endre ein konstruksjon medan animasjonen spelar.

Manuell animasjon

For å manuelt endre eit tal, ein vinkel eller ein punktposisjon kontinuerleg vel du verktøyet Tool Move.gif Flytt, trykkjer på det frie talet, vinkelen eller det avhengige punktet og bruker + og - eller piltastane. Ved å halde inne ein av desse tastane får du ein manuell animasjon.

Døme: Dersom koordinatane til eit punkt avheng av eit tal t som i P = (2t, t), vil punktet følgje ei rett linje når t vert endra kontinuerleg.
Merk: Du kan endre steglengden til glidaren under fana Glidar i eigenskapar.

Tastatursnarvegar

  • Shift + piltast gjev deg eit steg på 0.1 eininger
  • Ctrl + piltast gjev deg eit steg på 10 eininger
  • Alt + + piltast gjev deg eit steg på 100 eininger
Merk: Eit punkt på ei linje kan også verte flytta ved å bruke + eller -.
© 2024 International GeoGebra Institute