Gje namn til objekt

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Du kan gje namn til eit objekt når du lagar det ved bruk av inntastingsfeltet:

  • Punkt: I GeoGebra vil punkt alltid få namn med store bokstavar. Berre skriv inn namnet (t.d. A eller P), eit likskapsteikn og koordinatane (eller kommandoar som avgjer koordinatane) til punktet.
Døme: C = (2, 4), P = (1; 180°)
  • Vektorar: For å skilje mellom punkt og vektorar får vektorar små bokstavar som namn i GeoGebra. Skriv inn namnet (t.d. u eller v), eit likskapsteikn og koordinatane (eller kommandoar som avgjer koordinatane) til vektoren.
Døme: v = (1, 3), u = (3; 90°)
  • Linjer, sirklar, og kjeglesnitt: Desse objekta kan du gje namn ved å skrive inn namnet, eit kolon og likninga eller kommandoane for objektet.
Døme: g: y = x + 3, c: (x-1)^2 + (y – 2)^2 = 4, hyp: x^2 – y^2 = 2
  • Funksjonar: Du kan gje namn til funksjonar ved å skrive til dømes f(x) = or g(x)= framfor likninga eller kommandoane for funksjonen.
Døme: h(x) = 2 x + 4, q(x) = x^2, trig(x) = sin(x)
Merk:
  • Dersom du ikkje gjev eit objekt namn manuelt vil GeoGebra gje namn i alfabetisk rekkefølgje.
  • Du kan lage indeksar i namna ved å bruke understrek. Til dømes A1 vert skrive inn som A_1 og sAB vert skrive inn som s_{AB}.

Reserverte namn

Dette er dei namna du ikkje kan bruke på objekt du lagar: x, y, xAxis, yAxis, zAxis, abs, sgn, sqrt, exp, log, ln, ld, lg, cos, sin, tan, acos, arcos, arccos, asin, arcsin, atan, arctan, cosh, sinh, tanh, acosh, arcosh, arccosh, asinh, arcsinh, atanh, arctanh, atan2, erf, floor, ceil, round, random, conjugate, arg, gamma, gammaRegularized, beta, betaRegularized, sec, csc, cosec, cot, sech, csch, coth

I symbollista til inntastingsfeltet finn du spesielle teikn for dei følgjande konstantane:

  • π - sirkelkonstanten pi, som du også kan skrive som Alt + p
  • ℯ - Eulertalet, t.d. brukt i eksponentialfunksjonen ℯ^x. Du kan også skrive den som Alt + e
  • ί - den imaginære eininga, t.d. for komplekse tal som z = 3 + ί. Du kan også skrive den som Alt + i

Når variabelnamna e og i ikkje er tatt i bruk vil dei automatisk verte lese som høvesvis ℯ og ί.

Merk: Sjå også sida om Namn og objekttekstar.
  • GeoGebra
  • Help
  • Partners
  • Contact us
    • Feedback & Questions
    • This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
    • +43 677 6137 2693
© 2017 International GeoGebra Institute