Eigne verktøy
Eigne verktøy
Verktøykategoriar (Alle verktøy)
- Verktøy for flytting
- Punktverktøy
- Linjeverktøy
- Verktøy for spesielle linjer
- Verktøy for mangekantar
- Verktøy for sirklar og bogar
- Verktøy for kjeglesnitt
- Verktøy for måling
- Verktøy for omformingar
- Verktøy for spesielle objekt
- Verktøy for objekthandlingar
- Generelle verktøy
- CAS-verktøy
- Verktøy for rekneark
- Eigne verktøy
Denne sida har ikkje vorte korrekturlest enno. |
GeoGebra let deg lage dine egne konstruksjonsverktøy basert på eksisterande konstruksjonar. Eigne verktøy kan brukes både med musa eller som ein kommando i inntastingsfeltet. Alle verktøy vert automatisk lagra i GeoGebra mappa di.
Punkt[<Sti>]
. Dersom du treng eit flyttbart objekt som resultat, kan du definere ei liste med kommandoar og bruke kommandoen Utfør.Lage eigne verktøy
For å lage eit eige verktøy bruker du dialogboksen Lag nytt verktøy som du finn frå verktøymenyen.
Lagre eigne verktøy
Når du lagrar konstruksjonen som ei GGB-fil vil alle eigne verktøy verte lagra i fila. For å lagre verktøya som separate filer bruker du Endre verktøy som du finn frå verktøymenyen.
Tilgang til eigne verktøy
Dersom du åpnar eit nytt GeoGebra grensesnitt frå Ny i Filmenyen etter å ha laga eit eige verktøy vil du fortsatt finne det på verktøylinja. Dersom du i staden åpnar eit nytt GeoGebra vindauge ( Nytt vindauge i Filmenyen), eller åpnar GeoGebra ein anna dag så vil du ikkje lenger finne dei eigne verktøya på verktøylinja.
Det finst ulike måtar å sikre seg at eigne verktøy fortsatt vert funne på verktøylinja når eit nytt GeoGebra vindauge vert opna. Ein måte er:
Etter å ha laga eit nytt verktøy kan du lagre innstillingane dine ved Lagre innstillingar frå Innstillingar-menyen. Då vil verktøyet verte ein del av verktøylinja.
Importering av eigne verktøy
Etter å ha lagra ditt eige verktøy som ei GGT-fil kan du importere det til eit nytt GeoGebra vindauge. Vel Opne frå Filmenyen og finn verktøyet du vil importere.
- Opning av eit Geogebra-verktøy vil ikkje påvirke konstruksjonane i det aktive vindauge. Det vil berre plassere verktøyet på verktøylinja.
- Du kan også opne verktøy ved å dra dei frå mappa dei ligg i og over i GeoGebra-vindauget.