UtvalStandardavvik Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


UtvalStandardavvik[ <Liste med tal> ]
Finn utvalsstandardavviket (også kalla det empiriske standardavviket) til den gjevne lista med tal.
Døme: UtvalStandardavvik[{1, 2, 3, 4, 5}] gjev 1.58.
UtvalStandardavvik[ <Liste med tal L>, <Liste med frekvensar F> ]
Finn utvalsstandardavviket til tala i L når talet på kvart element i L er gjeve av det samsvarande elementet i F.
Døme: UtvalStandardavvik[{1, 2, 3, 4, 5}, {5, 1, 1, 3, 9}] gjev 1.74.
Merk:
  • Jo fleire element det er i lista desto meir likt vert resultatet med det ein får frå kommandoen Standardavvik. Grunnen til dette er at det einaste som skil dei to statistiske storleikane er at utvalsstandardavviket har N - 1 i nemnaren, medan standardavviket har N, der N er talet på element i lista.
  • Sjå også kommandoane UtvalStandardavvikX og UtvalStandardavvikY og VariansUtval.

CAS-delen

UtvalStandardavvik[ <Liste med tal> ]
Finn utvalsstandardavviket (også kalla det empiriske standardavviket) til den gjevne lista med tal. Kommandoen gjev det eksakte svaret, dersom lista inneheld udefinerte variablar vert resultatet ein formel for svaret.
Døme:
  • UtvalStandardavvik[{1, 2, 3, 4, 5}] gjev \frac{\sqrt{5} }{\sqrt{2} }.
  • UtvalStandardavvik[{1, 2, a}] gjev \frac{\sqrt{a²-3a+3}}{\sqrt{3}}.
© 2020 International GeoGebra Institute