Strekk Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Strekk[ <Objekt O>, <Vektor v> ]
Objektet vert strukke prallelt med retninga gjeve av vektoren med ein faktor f lik lengda av vektoren. Det vil seie at at for alle punkt på O som er på linja vinkelrett gjennom startpunktet til v vert det nye punktet likt det gamle. For alle andre punkt vert det nye punktet gjeve av at avstanden til denne linja vert multiplisert med f.
Døme: La objektet vere ein sirkel med sentrum i origo og radius 1. La vektoren peke i y-retning, ha lengde 2 og starte på x-aksen. Alle punkt på sirkelen (bortsett frå dei som ligg på x-aksen) vert da strukke med ein faktor 2 i y-retning slik at det nye objektet vert ei ellipse.
Strekk[ <Objekt O>, <Linje>, <Tal f> ]
Det vert laga eit nytt objekt ved at det gjevne objektet vert strukke vinkelrett på linja med ei faktor f. Det vil seie at for alle punkt på O vert det laga eit nytt punkt der avstanden til linja vert multiplisert med faktoren f.
Døme: La objektet vere ein trekant med hjørner A = (1, 1), B = (5, 1) og C = (3, 3). La linja vere gjeve av x-aksen og f = 2. Det vil då verte laga ein ny trekant med hjørner (1, 2), (5, 2) og (3, 6).
Merk: Dersom f er negativ kjem det nye objektet på andre sida av linja.
© 2020 International GeoGebra Institute